KJÆRE OLAV OG DEN FINE FLOKKEN DIN
Det er noko som er verre enn sorg -
det å ikkje ha noko å sørge over.
Sorg er tårer og tomhet,
ei mimring av milevis med minner
og ei tid med varsom vandring framover.
Sorg og sakn er den andre sida av det å ha fått.
Som nær venn av mor og far min,
så har du alltid vore der.
Ein av dei tinga eg minnest best frå eg vaks opp,
er lyden av stemma di, humoren, glimtet i augo, historiene
og den fantastiske latteren din.
Eg har alltid vore så fascinert av deg,
og du hadde ei høg stjerne!
Eg fann ein redaksjonell minnetekst
frå Vårt Land med ordlyden:
HAN ER BORTE
Han er borte.
Det er ikkje meir å seie.
Verda står ei stund
og held pusten.
Eit langt liv
har lagt seg til ro.
Ei stemme
som alltid har vore der,
er stille no.
Historia
lener seg tilbake
og lukkar auga.
For tre og eit halvt år sidan var eg så heldig
å bli betre kjent med deg.
Utover den lune og morosame mannen
eg alltid har kjent,
vart eg meir kjent med den kloke og solide mannen
eg visste du var.
Me hadde felles interesser for å lese og skrive,
for lokalhistorie og krigshistorie,
for å ikkje gløyme ei stolt tilhøyring
til bygda og røtene.
Det var fint å kjenne på denne felles forståinga!
For mange år sidan møtte eg ein ordknapp nabo
på Mark Knopfler konsert, og han sa:
“Du veit, dei laga kji slike kara lenger!”
Det same utsegnet kan også gjelde deg...
Eg vil avslutte med ei norsk omsetjing av diktet
"He is gone" av David Harkins.
Det er ei stille påminning
om at sorg og takknemlegheit
kan leva side om side.
Ei påminning om å ikkje berre sørgje
over det me har mista,
men òg ta vare på det som vart delt,
og la det leva vidare i oss.
For det er nettopp slik eit levd liv held fram,
i dei spora det har sett i oss
som fekk vere ein del av det.
HAN ER BORTE
Du kan fella tårer fordi han er borte
eller du kan smila fordi han har levd.
Du kan lukke augene og be om at han skal koma attende,
eller du kan opne augene og sjå alt han har lete etter seg.
Ditt hjarta kan vera tomt fordi du ikkje kan sjå han,
eller du kan vera fylt av kjærleiken du delte med han.
Du kan snu ryggen til morgondagen og leva i gårsdagen,
eller du kan gle deg til morgondagen på grunn av gårsdagen.
Du kan hugsa han, og berre det at han er borte,
eller du kan ha minnet hans kjært og la det leva vidare.
Du kan gråta og lukka sinnet ditt, kjenna deg tom og snu ryggen til,
eller du kan gjera slik han hadde vilja:
Smila, opna augene, elska og la livet halda fram.
Takk Olav!
Fred over minnet ditt!
- Synnøve
Vis mer
Vis mindre